logo
gruppe bilde

Informasjon om Helsefagarbeider Sogn og fjordane

Kort om dere begge to:

Alder: 18

Fag: Helsearbeidarfaget

Kommer fra/bor i: Oline Challen: Nordfjordeid, Sogn og Fjordane. Iselin Husevåg: Vågsøy, Sogn og Fjordane

Navn på skole: Måløy Vidaregåande Skule

 

Hvordan trivdes dere med utdanningen og det dere holder på med?

YSK er eit 4årig løp der ein kombinerar praksis og teori. Vi er i praksis 2-3 dagar i veka alle dei 4 åra. Etter 4 år er vi utdanna helsefagarbeidarar med fagbrev og står også igjen med studiekompetanse fordjupa i realfag. Som YSK-elevar trivast vi godt med både teori og praksis. Det er ein fordel at vi får ta med oss det faglege ut i praksis med ein gong. Det vert lettare å forstå teorien i praksis når ein har knaggar å henge det på. Klassa er ein samansveisa og omsorgsfull gjeng. Vi har det veldig kjekt i lag og det merkast på trivselen.

Hvorfor har dere valgt dette faget?

Vi har ei felles interesse for omsorg og menneske. Under YSK-utdanninga får vi prøve ut ulike praksisstadar og ulike sektorar som kan gi oss eit innblikk i kva vi skal velje vidare. Studiekompetansen var også innbydande for vegen vidare. Som YSK-elevar går vi på topp dei to første åra, og det gjer at vi kan bidra positivt på arbeidsplassen. Å ha moglegheita til å gi noko tilbake til samfunnet er både spennande og kjekt.

Hva er det beste med faget og hvorfor skal andre velge det faget dere har valgt?

Det beste med helsefaget er den sårbare kontakta vi får med pasientar og brukarar i ulike fasar av livet. Vi set stor pris på den unike kompetansen vi får om kommunikasjon og innblikket vi får i dei ulike delane av helsesektoren. Å få oppleve dei store kontrastane mellom livet og døden, og sorg og glede på kloss hold er med på å bygge oss som gode fagarbeidarar, men også som menneske.

Andre bør velje denne utdanninga fordi det er utruleg gjevande å jobbe med menneske og ein får ein unik mulighet til å tilegne seg kunnskap på mange ulike område.

 

Hvordan opplever dere å være tatt ut til å være representere deres fylke i Skole - NM?

Vi syns det er utruleg kjekt, og vi er stolte og audmjuke over å få representere fylket i NM. Vi skal gjere vårt beste for å vere gode representantar for fylkeskommunen under NM. Vi håper vi kan gjere fylkeskommunen vår stolte og klare å vekkje positiv merksemd mot helsefaget her heime.

Hva deres forventningene til deres egen innsats i Skole – NM? 

Vi har høge forventningar til oss sjølve, og håper å få vise det vi har lært både gjennom teori og praksis. Vi ønsker å få fram dei beste sidene av oss sjølve som fagarbeidarar.

Hvordan har dere forberedt dere til mesterskapet?

Vi har fått god hjelp av klassekameratar og lærarar. Tidleg i prosessen fordelte vi oppgåver til heile klassa, slik at alle fekk delta. Vi har diskutert mykje og saman har vi kome fram til gode refleksjonar og svar på problemstillingar.  Vi har også hatt reflekterande samtalar med praksisplassen og fått tips og veiledning som kjem godt med.

På hvilken måte kan deltakelsen i Skole – NM spille inn på deres videre karriere?

Det vert først og fremst svært lærerikt og ei god øving til fagprøva. Å kunne vise tilbake til deltagelse i NM er svært positivt og vil sjå bra ut på ein CV når vi seinare skal søke om jobb. Å få sjå på korleis andre løyser same oppgåva på ulike måtar gir oss nye perspektiv, og vi får sjå korleis ein kan løyse situasjonen på ulike måtar.

Hvordan vil dere beskrive dere selv som personer? 

Positive, engasjerte, joviale, hardtarbeidande, pliktoppfyllande, handlekraftige, løysingsorienterte og omtenksame.

Hva driver dere med på fritiden?

Begge er aktive handballspelarar. Vi tilbringer begge mykje tid med familie og vener.

Medlemmer:

Oline

Iselin